Meny

Trøndelagsutstillinga 2014: Utan tittel

av Øyvind Rongevær Kvarme

Denne gongen er Trøndelagsutstillinga beståande av fem inviterte og tretten juryerte kunstnarar. Difor er det kanskje ikkje overraskande at utstillinga dekker eit spekter av tema, produksjonsteknikkar, materialar, tilnærmingar, ulike medium og utrykk; ein finn alt frå performance, fotografi, videoverk og skulptur til vev, trykk, teikningar og maleri. Dette gjer sjølvsagt utstillinga interessant, men samtidig ber eit slik sprik med seg ei utfordring: For kva skal ein trekke fram i ein katalogtekst som dette?

Ein kan kanskje fyrst trekke fram at det er inga opphengt utstilling den underteikna har som utgangspunkt for denne teksten; kva verk som heng på sida av kva, korleis eit verk ”talar” til eit anna og slik fungerer i visningsrommet blir difor vanskeleg å uttale seg om – sjølv om slike kvalitetar absolutt (og uunngåeleg) er tilstade om ein leitar etter dei. Om dette har noko å sei eller ikkje er heller usikkert, men det har allereie gjeve eit hint om kva denne teksten (ikkje) skal ta for seg.

Det kan verke som at Trøndelagsutstillinga (i år som i fjor) handlar mindre om å finne fellesnemnarar, likskapstrekk, ulikheitar eller tydeleggjere tendensar; men heller om å stille ut interessante verk frå kunstnarar tilknytt regionen (rett og slett).

I det gigantiske verket ”Uten Tittel” ser ein to menneskeskikkelsar; skrikande i eit tomrom. Dette tomrommet kan minne om ein ørken, men det er meist sannsynleg ei strand, då det ligg stranda båtar i sanddynene. Dei to menneskeskikkelsane er for store til å vere i rommet, og står framandgjort mot bakgrunnen; det same skjer med oss idet me tek steget føre verket. Størrelsen på verket gir ei kjensle av å vere i det. Ein blir omgjeve av alt det kvite, som ser ut til å berre fortsette utanfor verkets rammer.

Dei to små maleria med tittelen ”Å nærme seg et tre” (1 og 2) er derimot beskjedne og blir nærast lette å oversjå; maleria viser ei trestamme, der ein på det eine bilde kjem hakket nærare. På same måte som førige verk påverkar det ein fysisk: Størrelsen på maleria gjer at ein må ta eit steg nærare, eit steg nærare treet. Slik er tittelen skildrande.

Videoverka ”Den innvandrende, innvaderende palmen” og ”Snarveien til Asia” bruker dokumentarfilmens verkty til å ta opp, på humoristisk og til tider absurd vis, (viktige) spørsmål omkring natur og kultur. Førstnemnte film tar for seg Tromsøpalmen: Ei både elska og hata plante, som historisk sett fortel ei interessant historie om klasseforskjellar og kulturell symbolikk, medan den i dag blir sett på som ugras fordi den naturleg utryddar andre planter. Slik fortel filmen om korleis natur kan bli kultur og kultur kan bli natur, og set spørsmålsteikn med korleis me oppfattar slike dikotomiar: Er våre oppfatningar kulturelt eller naturleg gjevne?

Tre videomonitorar med høgtalarar utgjer installasjonen ”From The Library of Babel #2”: Ei kviskrande, men nærast truande stemme stiller spørsmål, den kjem med utsegn, sår tvil. Ein blir usikker. Er det rett det ein hugsar? Kva var det som eigentleg hendte? Installasjonens lyd og bilde blir forskyve, dei tre monitorane er ikkje samstemde, og usikkerheita vert forsterka. Installasjonen viser kor bedragersk minne kan vere; at eit minne alltid er ope for korrupsjon.

På veggen heng det to verk, med tittelen ”Uten Tittel”: Kva skal me kalle dei derimot? Maleri? Relieff? Dei er laga av ulike materialar; metall, tre og maling. Dei er vakre å sjå på, som modernistiske maleri med store monotone fargeflater i ein elegant komposisjon. Medan maleriets komposisjon heng saman innanfor sine fysiske avgrensingar, heng denne komposisjonen tilsynelatande berre saman av vårt blikk; for det er ingenting som held bestanddelane saman, reint fysisk. Dei er inga einskap, forutan at delane heng så tett ved sida av kvarandre at me oppfattar dei som eit verk.

Det er i frå desse verka eg har lånt den sjølvmotseiande tittelen ”Trøndelagsutstillinga 2014: Utan Tittel”; ikkje for at det manglar fellesnemnarar i utstillinga verdt å nemne i ein tittel, men heller fordi ein slik tittel ber med seg ei open tolking. Det ber med seg eit ynskje om at verka kan ta sin eigen plass og bli erfart på eigne primissar, og ikkje berre som eit supplement til kvarandre. Dette betyr derimot ikkje at utstillinga ikkje har noko heilskap, eller at det ikkje eksisterer element i kvart verk som kan tolkast i ljos av eit anna. Det denne teksten kan lesast som då, er meir som eit (av mange) blikk på nokre av verka i utstillinga, ei opning, eller eit forslag om du vil.

Difor vil eg avslutte denne teksten med ei skildring av skulpturen ”Pure Verities”: Ei glaskule ståande på eit tynt stålstativ. Kula speglar og vendar omgivnadane, som om den har heile verda der inne. Om ein ser nærare er det graveringar, små kuler, inne i kula, som gir eit motsett bilete enn det kula gir. Gjennom kula kan ein sjå verda på nytt, med eit anna blikk; og om ein ser nøye nok kan ein sjå nokon kikke tilbake på deg. For der står du.

Last ned katalogen som pdf